Personvern
Vi samlar inn så lite som mogleg, og berre det vi treng for å drive badstua. Her er kva det tyder.
Sist oppdatert 11. november 2026
Kven som er ansvarleg
Vanylven Sauna på Fiskå, drifta av frivillige frå Vanylven, er ansvarleg for personopplysningane som er omtala her. Kontakt oss på vanylvensauna@gmail.com.
Bestilling av gåvekort
Når du bestiller eit gåvekort på denne nettsida, får vi e-postadressa di, namna du skriv på kortet (til og frå), helsinga, talet på timar og tidspunktet for bestillinga.
- Kvifor: for å skrive ut gåvekortet, sende det til deg og sjekke det når det blir brukt.
- Rettsleg grunnlag: det trengst for å levere det du har bestilt (personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav b). Vi ber ikkje om samtykke, og vi brukar ikkje e-posten din til noko anna, til dømes nyheitsbrev.
- Kor lenge: til gåvekortet har gått ut, eitt år etter bestillinga. Då slettar vi bestillinga.
Booking og betaling
Booking skjer i Calendly, som får namnet og e-posten du skriv inn der. Betaling skjer med Vipps eller gjennom banken din. Vi brukar desse opplysningane berre for å handtere bookinga og finne betalinga di, og vi tek ikkje vare på dei lenger enn vi treng.
Kven andre som handterer opplysningane
- Vercel lagrar gåvekortbestillingane for oss. Opplysningane ligg i Frankfurt i Tyskland. Vercel er eit amerikansk selskap og følgjer EU-reglane for overføring til USA.
- Calendly handterer booking, Vipps handterer mobilbetaling.
- Vi sel aldri opplysningane dine og deler dei ikkje med andre.
Når du besøkjer nettsida
Nettsida sjølv har ingen analyseverktøy, ingen reklame og ingen sporingscookies. Skrifter, ikon og skript kjem frå nettsida sjølv, så når du opnar ei side, går ingenting til Google eller andre tredjepartar. Vêrlinja på framsida og på sida Finn oss kjem frå den same tenaren som tek imot gåvekortbestillingar (Vercel, Frankfurt), som hentar ho frå Meteorologisk institutt; instituttet ser ikkje dei besøkande. Kartet på sida Finn oss blir berre henta frå Google Maps når du trykkjer på Vis kartet; då får Google IP-adressa di og kan setje eigne informasjonskapslar, etter personvernerklæringa til Google. Krysser du av for Vis alltid kart, blir valet berre lagra i din eigen nettlesar. Den som driftar nettsida (Vercel), tek vare på korte tekniske loggar.
Rettane dine
Du kan be om å få sjå opplysningane vi har om deg, få dei retta eller sletta, eller protestere mot korleis vi brukar dei. Skriv til vanylvensauna@gmail.com. Om du meiner vi handterer opplysningane dine feil, kan du klage til Datatilsynet.